Tåkekammeret - sjå kosmisk stråling frå verdsrommet! Lufta rundt oss er full av partiklar og stråling, men den er vanlegvis usynleg for oss.
Kollisjonar i ein partikkeldetektor - bruk interaktive grafikkverkty på PC-en vår til å studere partiklar kollidere i høg hastigheit.
Bølgekammer - oppdag dei indre bølgene under havoverflata. I gamle dagar trudde folk det var Draugen som laga det som vart kalla "dødvatn". Indre bølger blir ofte danna når eit lag ferskvatn ligg oppå eit lag med saltvatn.
Ferrofluider - korleis fungerer ei magnetisk væske?
Svevetoget - eit magnetisk superleiartog som svever over skinnene! I framtida kan me reise med slike tog som utnyttar superleiar-teknologien.
Brenselceller - da Apollo 11 landa på månen i 1969, var energiforsyninga ombord i romkapselen basert på forurensningsfrie brenselceller med hydrogen som brensel. Avfallsproduktet vart drukke av besetninga! Me viser dykk korleis desse cellene fungerer.
UiO sine studieprogram: FAM, MIT, ELDAT, Materialar og energi